Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får sei si meining om læring og trivsel på skulen. Nordahl Grieg vgs gjennomfører undersøkinga på alle trinn i løpet av November.
Svara vert brukt av skulen, fylkeskommunen og staten for å følgje opp skulemiljøet og elevane sin trivsel. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga og det er også mogeleg å hoppe over spørsmål.
Elevane skriv ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når eleven har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/-lenka til eleven og det eleven har svart broten. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga vert lagra og brukt på riktig måte. Svara vert lagra så lenge det er naudsynt, og kan verta brukt til forsking og statistikk og kan lagras i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Her finn du utfyllande informasjon på fleire språk om formålet med undersøkinga og korleis personopplysningane som vert samla inn vert behandla.