Hopp til hovedinnhold

Hjelpemiddel ved eksamen

Ved eksamen har du rett til å nytte hjelpemiddel. Her finn du opplysningar om kva hjelpemiddel som er tillatne.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate.

Under sjølve eksamen kan du ta med deg notat frå førebuingsdelen, uavhengig av format. Også bilete, grafar, lovverk og anna som du har vald ut for å vise kompetansen, er rekna som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbiletepresentasjon er lite eigna for å vise kompetanse i faget.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo Iks har ansvar for lokalt gitt eksamen. 
På nettsida til Vigo Iks finn du oversikt over tillatne hjelpemiddel på lokalt gitt eksamen

Sentralt gitt skriftleg eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvar for sentralt gitt skriftleg eksamen. 
Oversikt over tillatne hjelpemiddel på sentralt gitt eksamen finn du på Udir si nettside.

Nettbaserte hjelpemiddel

Oversikt over tilgjengelege, nettbaserte hjelpemiddel til prøvar og skriftleg eksamen

Lista er til ei kvar tid gjeldande og blir oppdatert kontinuerlig.