Hopp til hovedinnhold

Klage på eksamen og standpunkt

Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.

Du kan klage på alle standpunktkarakterar og ikkje-skriftleg eksamen dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde.

For skriftleg eksamen har du også høve til å klage på eksamenskarakteren, og ikkje om reglar for fastsetting er følgde.

Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klager.

Klagefrist

Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter.

Du har rett på grunngjeving før du klager

Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.

Klageskjema og meir opplysing om klage på eksamen og standpunkt.