Nordahl Grieg videregående skole skal være ein innovativ og utforskande skole som er ledande på berekraftig utdanning og bruk av teknologi.
Nordahl Grieg videregående skole skal være ein innovativ og utforskande skole som er ledande på berekraftig utdanning og bruk av teknologi.
Med berekraftig utdanning meiner vi utdanning for framtida. Utdanninga skal vere realistisk og relevant for elevane, den skal lære elevane å sjå kva for mogelegheiter teknologien gir oss til samhandling og utvikling.
Elevane skal møte nye, innovative læringsarenaer der kreativitet, djupnelæring og samhandling står i sentrum. Gjennom etisk refleksjon og arbeid på tvers av fag og klasser ønsker vi å gi elevane haldningar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å arbeide for ei berekraftig utvikling.
Økt læringsutbytte og fullføring er ei forutsetning for at utdanninga kan kallast berekraftig. Frafall er ikkje berre eit samfunnsøkonomisk problem, det er ei stor fare for at dei elevane som droppar ut av skolen blir verande utanfor arbeidslivet og dermed samfunnslivet i framtida. Dette handlar om folkehelse og livsmestring.
Relevansen i utdanninga må arbeidast fram i tett samspel med elevane, der vi sørger for arenaer der dei kan bidra.