Vi har alltid stort søkelys på det sosiale miljøet på skolen. Alle elever skal være inkludert i klassen og skolefellesskapet.
Skolefrukost
Mange av våre elevar starter dagen med ein god frukost i kantina. Dette er eit populært tiltak som gjer god energi til skulearbeidet utover dagen. Skolefrukosten er gratis.
Kantina "Til ungdommen"
Kantina er open alle skuledagar mellom klokka 08.00 og 14.00. Her kan du kjøpe sunn og god mat. Du finn kantina i 1. etasje.
Vi serverer både varm mat, påsmurte rundstykker, frukt og drikke.
Du kan kjøpe kantinekort for kr. 300,- eller 500,- Då slepp du å ha med deg kontantar kvar dag. Kantina har og terminal for bankkort.

Open skole / leksehjelp
Vi har open skole kvar onsdag frå klokka 15 til klokka 18. Her vert det servert suppe i kantina og elevar kan nytte spelrommet og treningsrom. Musikkverkstaden Nordrock er open for alle musikkinteresserte i Kreativ Sone i andre etasje. Open skole nyttast og av skolerevyen og til andre elevstyrte aktivitetar.
Du kan og berre slappe av med medelever, kanskje spele sjakk og dataspel, eller lese ei bok.
Kvar onsdag og måndag er det og leksehjelp på biblioteket frå klokka 15.15 til klokka 16.45. Her kan ein gjere lekser saman eller aleine, og ein kan få hjelp av lærarar som er til stades.
Skolerevy
Skolen sin revygruppe har øving frå tidleg om hausten og utover vinteren. Framføringane i februar er utruleg populære blant elever og lærere, og andre gjester.
Om du liker å vere skodespeler, spele musikk, jobbe med lys og lyd, marknadsføring eller vil vere regissør kan dette vere staden for deg.

Lunsjkonserter
Aktive musikkelever sørger for kule konserter i skoletorget vårt gjennom skoleåret.
Her kan du slappe av med matpakken din og høyre musikk med tema fra til dømes James Bond, Queen, Elton John eller Beatles, flott arrangert av proffe musikklærere.

Gaminggruppe
Skolen har eiget spelrom der elever med interesse for gaming kan slå seg laus på kraftige datamaskiner eller med VR-briller og storskjerm. Vi bruker mykje dataspel i ulike fag, men her kan elever og bruke tid utanom undervisninga.
Klubb Råyale
Klubb Råyale er ein klubb drevet av elevar ved Nordahl Grieg og ungdomsskulane Rå og Rådalslien.
Klubben vart stifta i 2019 og har sidan hatt ulike arrangement for elevane. Det har vore spillkveldar, Halloween-fest, juletrefest og filmkveldar. Klubb Råyale er eit populært og inkluderande arrangement for elevane og til kvart arrangement vert det servert pizza og brus.
