Hopp til hovedinnhold

Helse og oppvekst - studieførebuande

HO-elever i praksis

Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.

Kvifor velje 3-årig Helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse?  

Helse- og oppvekstfag er noko for deg som likar og ser meining i å hjelpe andre til å meistre liva sine og legge til rette for ein trygg oppvekst og god alderdom.  

Det er svært stor etterspørsel etter arbeidskraft innanfor helse- og oppvekstsektoren, så med dette valet vil du bli ein attraktiv arbeidssøkar.  

Dette er for deg som:  

  • vil studere vidare på høgskole eller universitet for å til dømes bli sjukepleiar, lærar, psykolog, sosionom, barnehagelærar, barnevernspedagog, fysioterapeut og mykje meir. 
  • ønskjer ei meir praktisk og fagleg tilpassa opplæring fram til generell studiekompetanse.  
  • ønskjer ei jamnare fordeling av fellesfag og programfag der påbyggsfaga er inkludert i utdanningsløpet.  

Vg1  

På vg1 får du generell innføring i programfaga helsefremmande arbeid, yrkesliv og kommunikasjon og samhandling. I tillegg har du fellesfaga norsk, matematikk og kroppsøving. Det vert jobba mykje med tverrfagleg arbeid, gruppearbeid og samarbeidslæring.  Innhaldet har stor relevans for framtidig yrkesliv, bl.a. skal du ha utplassering i bedrift.  

Denne klassen har opptil 30 elevar i alle timar. På vg1 skal du velje om du på vg2 og vg3 skal gå helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag.  

Vg2  

Her skal du gå enten helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag. Kvar klasse består av ca 15 elevar.   

Helsearbeidarfag (HEA) 

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Du får opplæring i grunnleggande sjukepleie og det å gje omsorg til menneske som treng det. Du får utvikle evnene dine til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov og du lærer om korleis du kan forebygge slik at menneske lever gode og friske liv. Faga er helsefremmande arbeid, kommunikasjon og samhandling, norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.  

Barne- og ungdomsarbeidarfag (BUA) 

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsarbeidarfaget lærer du mellom anna å legge til rette for og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Ein lærer å fremme tryggleik og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Faga er pedagogisk arbeid, kommunikasjon og samhandling, norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.

Vg3 

Her fortset du i same klassen som på vg2 og du har faga yrkesliv (både på BUA og HEA) og yrkesfagleg fordjuping i tillegg til fellesfaga norsk, historie og kroppsøving. På vg3 skal du også ha tverrfagleg eksamen.  

Innsøking: Helse- og oppvekst - studieførebuande