Hopp til hovedinnhold

Internasjonalt samarbeid

Nordahl Grieg vgs har ei rekkje internasjonale prosjekt der vi samarbeider med ulike skolar og praksisstader i fleire europeiske land, samt Kenya. Våre elevar får moglegheiter til å reise på utveksling og ha praksis i utlandet. Dette gir elevane unik internasjonal erfaring, kulturforståing, språkkompetanse og fagkunnskapar.

Studiespesialisering og Medium og kommunikasjon (MK)

Elevgrupper og klassar samarbeider med skolar i Tyskland, Spania, Italia, Frankrike, Danmark, Sverige og Island både digitalt og gjennom utveksling. Prosjekta blir fullfinansierte av Erasmus+ (EU) og skolen slik at elevane ikkje blir belasta økonomisk for reise, kost og losji. Nordahl Grieg vgs er også vertskap for elevar frå andre land som er på utveksling.

Iceland mars2024.jpg

Elevar på vg2/vg3 frå faga geofag og TOF (teknologi og forskingslære) på utveksling til Island i mars 2024.

Helse- og oppvekstfag (HO)

Skolen har eit langvarig samarbeid med ulike samarbeidspartnarar i fleire land. Elevane på vg2 og vg3 får tilbod om å ta delar av praksis innanfor helsefag/barne- og ungdomsarbeidarfaget i Danmark, Frankrike og Kenya. Praksisperiodane strekkjer seg over to til tre veker og elevane arbeider på sjukeheimar og i barnehagar. Erasmus+ gjennom Vestland fylkeskommune og skolen fullfinansierer opphaldet. 
Barnehjemmet Maisha mema er vår samarbeidspartnar i Kenya. Skolen støttar også Maisha mema gjennom ulike aktivitetar i løpet av skoleåret der elevar og lærarar på HO, samt elevrådet, er engasjerte.

Kenya.jpg

HO-elevar i praksis ved barnehjemmet Maisha mema i Kenya.