Helse- og oppvekstfag

Gruppe med HO-elever

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Helse- og oppvekstfag?  

Helse- og oppvekstfag er noko for deg som likar og ser meining i å hjelpe andre til å meistre liva sine og legge til rette for ein trygg oppvekst og god alderdom.

Det er svært stor etterspørsel etter arbeidskraft innanfor helse- og oppvekstsektoren, så med dette valet vil du bli ein attraktiv arbeidssøkar. Ikkje minst er det stort behov for helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar.

Med denne retninga kan du etter vg2 velje å bli lærling og ta fagbrev på vg3 og vg4. Då vil du etter totalt 4 år kunne få ein fullverdig utdanning som fagarbeidar innan mange ulike retningar. På vg2 på Nordahl Grieg kan du velje mellom helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Du vil då få ei relativt god løn samtidig som du tek læretida.

Alternativet til fagbrev er at du etter vg2 tek påbygg til generell studiekompetanse på vg3. Dette kan du også gjere på Nordahl Grieg vgs. Då vil du etter dette kunne søke deg inn på vidare utdanning på høgskole eller universitet, for eksempel utdanningane barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, lærar, fysioterapeut, psykolog og mykje meir. Du kan også velje å ta læretid og fagbrev på vg3 og vg4 og deretter ta påbygg som eit 5. år. Dette følgjer med ungdomsretten. Dette gjev svært god ballast til vidare utdanning og mogelegheit til å jobbe med relativt god lønn ved sida av studiane. 

Vg1

Det vert jobba mykje med tverrfagleg arbeid, gruppearbeid og samarbeidslæring.  Innhaldet har stor relevans for framtidig yrkesliv, bl.a. skal du ha utplassering i bedrift. På vg1 skal du velje kva for retning du skal ha på vg2. Her er det fleire ulike retningar. På Nordahl Grieg kan du velje Helsearbeidarfag eller Barne- og ungdomsarbeidarfag.

Fag- og timefordeling finn du her

Innsøking helse- og oppvekstfag 

Vg2

Her skal du gå enten helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag. Kvar klasse består av ca 15 elevar.

Helsearbeidarfag (HEA) 

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Du får opplæring i grunnleggande sjukepleie og det å gje omsorg til menneske som treng det. Du får utvikle evnene dine til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov og du lærer om korleis du kan forebygge slik at menneske lever gode og friske liv.

Fag- og timefordeling 

Barne- og ungdomsarbeidarfag (BUA) 

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsarbeidarfaget lærer du mellom anna å legge til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Ein lærer å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Faga er yrkesliv, kommunikasjon- og samhandling, pedagogisk arbeid og yrkesfagleg fordjuping (praksisfaget), norsk, samfunnsfag og kroppsøving.   

Fag- og timefordeling

Innsøking helse- og oppvekstfag vg2 

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.