Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Debatt i biblioteket

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg?

Dette er vegen til høgare utdanning! Påbygging er for deg som har lyst og er motivert til å ta fatt igjen på dei teoretiske faga.

Før du startar på vg3 påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført eit av desse tre alternativa:

  • vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • vg1 studieførebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Vi tilbyr

Sjå timeplanen under for kva fag som går inn i påbyggingsåret.
 I tillegg til fellefaga skal du velje eit programfag, vi tilbyr disse: 

  • psykologi 1 
  • sosiologi og sosialantropologi 
  • engelsk 1 
  • biologi 1 

I nokre tilfelle kan vi og legge tilrette  for fag som gir spesiell studiekompetanse. 

imagewm1ic.png

Vår påbygg klasse har to kontaktlærer, dermed så vil du oppleve og få en tett oppfølging gjennom skoleåret. 

Du som søkjer påbyggingsåret må være motivert for mykje teori.

For å få generell studiekompetanse, og dermed kome inn på høgskular eller universitet, er det ein føresetnad at du har ståkarakter frå faga i påbygg.

Du bør ha gode karakterar frå fellesfaga på vg1 og Vg2 som grunnlag for å gjennomføre dette året.

Her finner du alle detaljer om påbygg 

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg?
Då kan du få gode tips på Samordna opptak og Utdanning.no