Her kan du lese meir om skolestart på NGV!: Skoleåret 26/27
Hugs å søkje om lån og stipend hos Lånekassen, og kjøpe elev-PC
Registrer deg på vår interne venteliste for ledige plassar etter skolestart her!
- Helse og oppvekst - studieførebuande
- Helse- og oppvekstfag
- Medium og kommunikasjon
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Ressursskole for elevar med nedsett høyrsle
- Sjukehusskulen
- Studiespesialisering
- Tilrettelagt opplæring

Å vere elev på Nordahl Grieg
Som elev på Nordahl Grieg vil du møte eit variert utdanningstilbod. Vi er ein stor skule med mange elevar, og med eit stort spenn i interesser og bakgrunnar. Når elevane våre ikkje er i undervisning, finn du dei gjerne på grupperom, i Skoletorget eller i kantina – som både er ein lunsjstad, ein stad å henge og ein stad å jobbe. I tillegg har vi tilbod som gaminggruppe, Nordrock og den årlege revyen for dei som vil engasjere seg meir. Dei fleste elevane våre trivst godt her, og finn raskt plassen sin. Du finn meir informasjon om skolen og faga våre på denne sida.
Valfrie programfag
Ynskjer du å utforske noko nytt eller gå djupare i det du likar? Vi har valfrie programfag innan realfag, samfunnsfag, språk, økonomi og marknadsføring, og estetiske og praktiske fag. Innanfor visse rammer kan du forme di eiga retning. Vi hjelper deg på vegen.
Læringsmiljøet vårt
Skolen har denne målsettinga: Nordahl Grieg vgs skal vere ein innovativ og utforskande skole som er leiande på berekraftig utdanning og bruk av teknologi. Som elev vil du oppleve varierte og kreative undervisningsformer, samarbeid på tvers av fag og klassar - og aktiv bruk av sosiale medier.Aktuelle saker
05.08.2026
Oppstartsturar hausten 2026
For å skape eit godt og trygt klassemiljø arrangerer vi oppstartsturar for alle dei nye Vg1-klassane våre

17.06.2026
Informasjon ved skuleslutt 2026
Her finn du nyttig informasjon om klagerett, avslutning av skuleåret og meiropplæring.


