Medium og kommunikasjon

Å planlegge og produserer podcast

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Drømmer du om å bli journalist, medieprodusent eller interaksjonsdesigner? 
Start hos oss på medium og kommunikasjon


Møt oss på NGVmedia

Medium og kommunikasjon er ei studieførebuande linje der du får opplæring i ei rekke praktiske emne som journalistikk, foto, video, reklame, medieproduksjon, kommunikasjonsarbeid, design og web-design.

Lærarane våre er dedikerte og proffe innan dei ulike fagfelta, og dei likar å samarbeide. Du vil også lære om mediebransjen, om media si makt og korleis vi menneske kan bruke media for å endre samfunnet. Du har i tillegg norsk, historie, matte, kroppsøving og andre fag som høyrer til på ei studieførebuande linje.

Mediesamfunnet og medieuttrykk - dei to store programfaga våre


I mediesamfunnet lærer du om ytringsfridom, retorikk, mediemakt, mediepåverknad, journalistikk og reklame. Du får høve til å delta i diskusjonar og debatter, og du lærer å uttrykke deg tydeleg i ulike kanalar. Vi ønsker at du som vår MK-elev  blir trygg  i publisering og bruk av SoMe, om det er på TicTok, Insta, Youtube eller nettsider.

Etter tre år hos oss på MK, sit du igjen med solid forståing av media si rolle i samfunnet, kva er fakenews eller ikke, det er viktig i ei tid der vi bruker media nesten hele tiden, kvar dag.

ngv 2013 mk elever.jpg


I medieuttrykk lærer du å fotografere, å filme, å designe og å gjennomføre ein medieproduksjon frå ide til ferdig produkt. Du får erfaring med Photoshop, programmering og oppsett av nettsider, film- og lydredigering og å sette lys både i studio og på location.

Som MK-elev hos oss, får du gratis installert Adobe CS-pakken alle tre åra.

Vi har eit eige podcast-rom, eit flott TV-studio, eit velutstyrt fotostudio og eit YouTube-studio, i tillegg til en rekke kamera, lyd og lysutstyr. Dette er også «klasseromma» våre.

Etter tre år sit du igjen med solid kunnskap om korleis vi skaper innhald til medieprodukt til ulike digitale plattformer, noko som vil være verdifullt i alle jobbar innan  formidling.

ngv 2013 mk studio.jpg

Våre valfrie programfag

Vår MK-linje har det breiaste fagtilbodet i fylket, med heile fem ulike valfrie mediefag. Her kan du velje det du synes er mest spennande å fordjupe deg i.

Du veljer eitt valfritt programfag på vg2, og to valfrie programfag på vg3. Desse kjem i tillegg til dei to faste medie-programfaga som er på timeplanen alle tre åra.

Etter MK

Etter vgs på medium og kommunikasjon kan du gå på dei same høgskulane og universiteta som med et vanlig studiespesialiserande løp.
Men du får med deg ein ekstra kompetanse innafor medieproduksjon som er ettertrakta i ei rekke yrker. Å ha mediekompetanse gjer at du kanskje stiller sterkare enn andre jobbsøkarar, både i og utanfor mediebransjen.
Mediefaga gir deg også fordel dersom du skal studere politikk, medium, sosiologi eller andre samfunnsfag seinare, fordi du blir trena i analyse og kritisk lesing.
NGVmedia LOGO _MIKROFON.JPG

 

Lærerne på Medier og kommunikasjon

Lærerne på MK kommer fra ulike retninger med ulike kompetanse, og sammen kan vi derfor tilby en variert opplæring av høg kvalitet. Vi legg vekt på at det du lærer på MK skal være relevant og at medieproduksjonane skal kunne publiserast ut til publikum.

mk-lærere.jpg