Denne veka vitjar 18 franske elevar og to vaksne Nordahl Grieg vidaregåande skule. Dei kjem frå den franske vennskapsskolen vår, Collège Lycée Experimentale(CLE) i Hérouville, Normandie.
Saman med 17 norske franskelevar både frå Vg1 og VG2 deltek dei i prosjektet Art Echange/Art Sharing.
Dei 18 franske elevane bur heime i familiane til dei norske. Og i mai reiser dei norske elevane ei veke til Caen, og bur då hjå den franske eleven «sin».
I løpet av desse to vekene arbeider dei fram ei framsyning med dans, sang og teater. Mange av elevane har aldri dansa før, men det er inga hindring. Dette er den andre gongen franskelevar på Nordahl Grieg har kunnet delta i eit slikt prosjekt. Den første gongen var i 2019.

No som då er det Trollstipend som har gjort det mogleg.
Dei ansvarlege er: Jacky Auvray (profesjonell dansar og koreograf) og Loan Hourlier (lærar) frå CLE. Frå NGV deltek fransklærarane Karit Elise Valen og Ole Jakob Sørensen.
