Hopp til hovedinnhold

Kenya samarbeid ved helse- og oppvekstfag

Vg2 på helse- og oppvekstfag har i to år hatt digitalt samarbeid med ein barneheim i Kenya, no håpar me å utvida til også å innehalda elevmobilitet.

I 2019 vart det oppretta eit digitalt samarbeid med Primax care som ligg i Nanyuki i Kenya og ein klasse med vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Innhaldet i treffa har vore song, dans og kvardagspreik. Elevane har i tillegg arbeidd med panting av flasker med meir for å samla inn pengar til barneheimen. «Eg begynte nesten å grine, fordi det me gjer faktisk betyr noko» sitat frå elev i prosjektet.

Dette digitale samarbeidet held fram og inkluderer alle elevane uavhengig av elevmobilitet.

Kenya2.jpg
Kenya3.jpg


Hausten 2021 utvida prosjektet seg til å inkludera Maisha mema som er ein barneheim i Tigoni like utafor Nairobi. Denne barneheimen er drifta av eit europeisk par som over fleire år har samarbeid med andre skular i Vestland og Rogaland fylke. Fasilitetane på Maisha mema legg til rette for både overnatting, transport og andre nødvendigheiter. Derfor er dette basen ved framtidig elevmobilitet, som me har som mål å etablera allereie frå skuleåret 2022/2023.

Kenya4.jpg

Februar 2022 reiste to lærarar frå helse- og oppvekstfag på vitjing til dei to barneheimane. Slik vart prosjektet fagleg forankra og elevmobiliteten inngå i fagopplæringa. Under opphaldet har me utvikla planar og samarbeid for undervisning og praksis tilknytt mellom anna om leik, sosial kompetanse, kulturkompetanse, fyrstehjelp, utviklingspsykolgi og mykje anna.

Me gler oss til å utvikle prosjektet vidare saman med elevar her på NG.