Jonas Pytte (3 STD) er klar for nasjonal finale i fysikk-OL.
Etter to kvalifiseringsrundar er han no blant dei 18 finalistane i Noreg.
Han kan sjå fram til ei variert veke (veke 13) i Oslo. Det vert både fagleg førebuingar, populærvitskaplege føredrag og sosiale samlingar, før den nasjonale finalen fredag 1. april. Me heier på Jonas og gler oss til finalen.
Vert det tur til den internasjonale finalen der dei fem beste vert sendt?
Meir om fysikk-OL
