Tysdag 28. januar inviterer vi 10. klassingar på besøk. Du får møte elevar frå skolen, oppleve kva som skjer her og få informasjon og omvisning.
UNGDOMSSKOLEELEVAR MÅ MELDE SEG PÅ med ønskje om tidspunkt for deltaking (kl. 09.00, 10.30, 12.00 eller 13.30). Kvar økt har plass til maksimalt 150 elevar.
MELD DEG PÅ HER
PROGRAM:
09.00–09.30 Informasjon om våre utdanningsprogram og det sosiale miljøet ved skolen i Dristige Hjerner (stort auditorium)
09.30–10.00 Omvising i skolebygget v/elevguidar
10.00–10.30 Snakk med ein rådgivar, kulturinnslag i Skoletorget
Tilsvarande program startar kl. 10.30, 12.00 og 13.30.
Skolen si kantine, Til Ungdommen, vil vere open for kjøp av mat og drikke.
Våre rådgivarar vil òg vere til stades og svare på spørsmål om vidaregåande skole.
VELKOMEN TIL SKOLEN FOR DRISTIGE HJERNER I SAMSPEL!