Har du lyst på eit annleis skuleår, som vil gje deg verdifull erfaring og mange spennande opplevingar? Alle elevar på vg1 studiespesialisering i Vestland fylke kan søke om utveksling på vg2. Her finn du informasjon om økonomi, søkeprosess og opphald. Du kan gjerne kontakte oss som er ansvarlege på Nordahl Grieg videregåande (sjå kontaktinformasjon nedst).
Utvekslinga går ut på at du går heile skuleåret vg2 i Wales. Du blir elev på Cardiff and Vale College (sjå lenke til skulen lenger nede) som Vestland fylke har ein samarbeidsavtale med. Og du vel om du bur i vertsfamilie eller på internat som skulen i Cardiff organiserar saman med Nordahl Grieg vgs.

Skuleåret tel som vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem du tilbake til norsk vidaregåande skule og fullfører vg3.
Kravet til deg som elev er at du kan omstille deg og er open for andre kulturar, og at du kan arbeide sjølvstendig. Det er ein stor overgang frå vgs her heime, så du må vere motivert for eit annleis skuleår. All undervisning er på engelsk; Dei fleste blir raskt vant til dette.

Kostnadar
Skulepengar vert dekka av stipend frå Statens Lånekasse og Vestland fylkeskommune. Elevane vil få reise- og bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.
Du må rekne med å dekke ein del av bukostnadene sjølv då stipendet ikkje dekker alt. I tillegg kjem det utgifter til visum, helseforsikring og språktest. Til saman estimerer vi denne eigenandelen til å utgjere ca. kr 50.000 (om ein bur hos vertsfamilie) eller ca. kr 100.000 (om ein bur på internat) for skuleåret 25/26.
Internatet som colleget har ein avtale med heiter Zenith, og ligg 10 minutt gåavstand frå colleget, midt i Cardiff sentrum. Lenke til heimesida til Zenith

Korleis søkjer du?
- Søk først på vanleg måte via fellesinntaket innan 1. mars i Vigo. Du må setje vg2 i Wales opp som førstevalet ditt og eksisterande skule på andreplass.
- Søk på eit eige søknadsskjema (opner her nærare frist for søknad)
- Skriv om lag 1 side på engelsk, der du presenterer deg sjølv, interessene dine, og kvifor du søker dette utdanningstilbodet (last opp i søknadsskjema).
- Ta kopi av karakterane dine frå første termin dette skuleåret (last opp i søknadsskjema, du kan ta bilete frå VIS). Pass på at fråvær, orden og åtferd er inkludert.
- Få underskrive samtykke frå føresette om at du kan reise eit år til Wales (fyll inn og last opp mal [lenke] i søknadsskjema).
Prosess vidare
Det blir gjennomført intervju av aktuelle søkarar i mars. Intervjuet blir på engelsk. Endeleg inntak blir gjort etter individuell vurdering av søkarane i samband med det ordinære inntaket til vg2 Studiespesialiserande utdanningsprogram.
I tillegg må kvar elev bestå ein språktest og gjennomføre digitalt intervju med skulen i Wales. Visum må vere godkjent før avreise. Vi kan hjelpe i denne prosessen.

Skuleåret i Wales
Vi har for tida éin samarbeidsskule i Cardiff: Cardiff and Vale College.
Cardiff and Vale College heimeside
Denne skulen er eit college, og liknar litt på ein høgskule eller universitet i måten dei organiserar opplæringa. Du går ikkje i ein fast klasse slik som her heime. Du vel 2-3 programfag, og 2 av dei må du velje ut i frå kva fordjupning du skal ha på vg3. Dette hjelper vi deg med. Her er ei liste over alle faga dei har på skulen:
Cardiff and Vale College sine a-levels fag
Kvart fag er ca. 4 timer per veke. Mellom kvar økt vert det forventa at du jobber på eigahand med faget. Det er flotte bibliotek og studieplassar rundt omkring på campus. I tillegg til programfaga har du framandspråk ein kveld per veke. Nordahl Grieg vgs. er ansvarleg for undervisning i norsk, historie og matematikk 2P. Undervisninga er digital, fysisk og ein må arbeid på eigahand.
Etter skuleåret i Wales vil kvar elev få ei stadfesting av skulegangen frå Nordahl Grieg vidaregåande skule i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet.
Her kan du lese om Nora som var elev i Cardiff i 2021/22.
Vil du snakke med elevar som har vore i Cardiff kan du kontakte Hege Reksten så får du kontaktinfo av ho.
Kontaktinfo vg2 i Wales
Christine Valde
avdelingsleiar, norsk- og språkfag
Hege Reksten
Internasjonal koordinator