Har du lyst på eit annleis skoleår, som vil gje deg verdifull erfaring og mange spennande opplevingar? Utvekslinga til Cardiff i Wales starta opp i 1996 og er det eldste utvekslingsprogrammet i fylket. Alle elevar på vg1 studiespesialisering i Vestland fylke kan søke om utveksling på vg2 i Wales. Her finn du informasjon om økonomi, søkeprosess og opphald.
Utvekslinga går ut på at du går heile skoleåret vg2 i Wales. Du blir elev på Cardiff and Vale College som Vestland fylke har ein samarbeidsavtale med. Du vel om du bur i vertsfamilie eller på internat.

Skoleåret tel som vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem du tilbake til norsk vidaregåande skole og fullfører vg3.
Dette passar for deg som kan omstille deg og er open for andre kulturar, og det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig. All undervisning er på engelsk.

Kostnadar
Skolepengar vert dekka av stipend frå Statens Lånekasse og Vestland fylkeskommune. Elevane vil få reise- og bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.
Du må rekne med å dekke ein del av bukostnadene sjølv då stipendet ikkje dekker alt. I tillegg kjem det utgifter til visum, helseforsikring og språktest. Til saman estimerer vi denne eigenandelen til å utgjere ca. kr 50.000 (om ein bur hos vertsfamilie) eller ca. kr 80.000 (om ein bur på internat).
Internatet som colleget har ein avtale med heiter Zenith, og ligg 10 minutt gåavstand frå colleget, midt i Cardiff sentrum. Lenke til heimesida til Zenith

Korleis søkjer du?
- Søk først på vanleg måte via fellesinntaket innan 1. mars i Vigo. Du må setje vg2 i Wales opp som førstevalet (Obs: Sjekk kva de skal søke på) ditt og eksisterande skole på andreplass.
- Søk her på eige søknadsskjema
- Skriv ein kort presentasjon på engelsk, der du presenterer deg sjølv, interessene dine, og kvifor du søker dette utdanningstilbodet (last opp i søknadsskjema).
- Ta kopi av karakterane dine frå første termin dette skoleåret (last opp i søknadsskjema, du kan ta bilete frå VIS). Pass på at fråvær, orden og åtferd er inkludert.
- Få underskrive samtykke frå føresette om at du kan reise eit år til Wales.
- Fyll inn og last opp samtykkeskjema. (sjekk med it om det kan være et word-skjema de kan skrive rett inn i).
Søknadsfrist er 1. mars.
Prosess vidare
Det blir gjennomført ein samtale på engelsk med søkarar i mars. Endeleg inntak blir gjort etter individuell vurdering av søkarane i april/mai.
Kvar elev må bestå ein språktest og gjennomføre ein digital samtale med skolen i Wales i tillegg til å ha godkjent visum før avreise.

Skoleåret i Wales
Cardiff and Vale College heimeside
Du går på Cardiff and Vale College, ein skole som liknar litt på ein høgskole eller universitet i måten dei organiserar opplæringa. Du går ikkje i ein fast klasse slik som her heime. Du vel 3 programfag, i tillegg til matematikk, og 2 av dei må du velje ut i frå kva fordjupning du skal ha på vg3. Dette hjelper vi deg med. Her er ei liste over alle faga dei har på skolen:
Cardiff and Vale College sine a-levels fag
Kvart fag er ca. 4 timer per veke. Mellom kvar økt vert det forventa at du jobber på eigahand med faget. Det er flotte bibliotek og studieplassar rundt omkring på campus. I tillegg til programfaga har du framandspråk. Nordahl Grieg vgs. er ansvarleg for undervisning i norsk, historie og matematikk 2P. Undervisninga er både digital og fysisk.
Skolen i Cardiff organiserer fleire sosiale utflukter for dei internasjonale elevane, alt frå pizzakveld til fotballtur i London. Elevane har ein eigen kontaktlærar på skolen, to kontaktpersonar på internatet, og dei vert følgt opp av koordinatorar på Nordahl Grieg vidaregåande skole.
Her kan du lese om Andrine som var elev i Cardiff i 2017/18.
Ta kontakt med Hege eller Christine om de har spørsmål.
Kontaktinfo vg2 i Wales
Christine Valde
avdelingsleiar, norsk- og språkfag
Hege Reksten
Internasjonal koordinator
