Hopp til hovedinnhold

Ei lærerik reise til Kenya

Sundag 2. mars møtte åtte trøytte elevar og to lærarar frå skulen opp på Flesland klokka 04.00 for avreise til Kenya, nærare bestemt Tigoni utanfor Nairobi. Målet med reisa var praksis for dei åtte elevane i faget yrkesfagleg fordjuping innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Før avreise samla elevane inn klede og anna utstyr til borna ved barneheimen Maisha Mema, der både praksisen skulle finne stad og der me skulle bu. I tillegg hadde elevane ved Nordahl Grieg vgs. samla inn all pant på skulen, og pengane frå denne innsamlinga vart brukte på opplevingar for borna og utstyr dei hadde behov for. Blant anna fekk alle barna og dei tilsette ved klubbhuset i Soweto-slummen ein tur til Nairobi museum, samt lunsj – alt betalt av pantepengane!

Kenya3 mars2025.jpg

Praksisen for elevane byrja kvar vekedag når borna kom heim frå skulen, og varte gjennom heile laurdagen og sundagen medan me var der. På dagtid hadde me eit innhaldsrikt program. Me vitja både den lokale skulen der borna ved barneheimen gjekk og den norske skulen i bydelen Karen i Nairobi. Elevane fekk då erfare dei store forskjellane mellom skulesystema.

Vidare besøkte me den norske ambassaden, der me fekk ei grundig innføring i arbeidet deira. Mellom anna fekk me lære om korleis spesialutsending Sahfana Ali Mubarak jobbar med norske born som returnerer til afrikanske land. Me var òg så heldige å få besøk av NRK sin Afrika-korrespondent, Vegard Tjørhom, som heldt eit spanande foredrag om den noverande situasjonen i Afrika. Han framheva både utfordringane og moglegheitene på dette store kontinentet, noko som sette våre eigne erfaringar frå opphaldet i eit nytt perspektiv.

Kenya4 mars2025.jpg

Elevane våre har under praksisen knytt tette band med borna på barneheimen og fått oppleve på nært hald kor viktig omsorg, anerkjenning og tryggleik er i kvardagen deira.

Me ønskjer å takke alle som har gjort denne reisa mogleg – frå tildeling av midlar gjennom Erasmus+ i Vestland fylkeskommune, til elevar og tilsette ved Nordahl Grieg vgs. som har bidrege gjennom innsamling av klede, utstyr og ikkje minst store mengder pant!

Maisha Mema – Tuonane hivi karibuni!