Hopp til hovedinnhold

Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse

dedws.PNG

Er du elev på Nordahl Grieg vgs.? Då kan du få gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. NB! Du må bestille vaksinen innan 21. februar.

Informasjon om tilbodet

Her kan du lese Bergen kommune sitt informasjonsbrev om tilbodet: Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2024.

På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon: Ungdom og vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Folkehelseinstituttet oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.

Har du fått vaksinen før?

Nimenrix, vaksinen vi har brukt dei seinare åra, gir beskyttelse i ti år. Har du tatt denne før, treng du ikkje ny vaksine no.

Til vg2/vg3-elevar: Viss du er usikker på om du fekk vaksinen kan du ta kontakt med helsesjukepleiarane, så sjekkar dei. 

Slik bestiller du vaksinen

Avdelingsleiarar kjem rundt i klassane med bestillingslista. Kryss deg av på lista, om du ønskjer vaksine. 

Gjennomføring

Vaksineringa gjennomførast i veke 11.