Hopp til hovedinnhold

Klage standpunktkarakter

Sakshandsaming ved elevklage på sluttvurdering

 Informasjon og klageskjema for elevar ligg på heimesida til Vestland: 
Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd - Vestland fylkeskommune 
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/klage-pa-standpunktkarakter-og-karakter-i-orden-og-atferd/ 
 
Oversending til klagenemnd skjer elektronisk. 
Elevklage, lærar og rektor sine fråsegn skal sendast samla. Skulen må sende kopi av klagesaka til eleven, samstundes som den blir oversendt til nemnda. 
 
Viss eleven får medhald i slike saker, vil klagenemnda sende vedtaket tilbake til skolen. Rektor og faglæraren må gjennomføre ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Det kan vere: 
- Ein karakter mellom 1 og 6 
- Ikkje vurdering (IV) 
 
FRISTAR 
Hurtigklagehandsaming 
Klagar frå Vg3-elevar vil bli prioritert i hurtigklagehandsaminga. 
Fristen for hurtigklagebehandling er sundag 18. juni. Desse elevane vil få svar på klagen sin i veke 26. Alle andre vil få svar i løpet av august.  
 

Klagefristen er 10 dagar frå standpunktkarakter er fastsett. 
Våren 2023 er klagefristen for standpunktkarakter på NGV: 
• 17. juni for karakter publisert 7.juni 
 

Dersom elev/føresette ber om grunngjeving for karakteren, blir klagefristen utvida med 10 dagar frå de mottar grunngjevinga. 
 
Vi råder elevane å snakke med faglærar før dei bestemmer seg for å klage. Elevane bør også ta kontakt med avdelingsleiar/rådgivar før dei sender inn klage. Det er avdelingsleiar/personalleiar som er saksbehandlar for klagene. 
 
 

Tidsplan klage på standpunkt karakter 

  • 18. juni hurtigklagefrist for elevar 
  • 21. juni skulen sin frist for å oversende hurtigklager til klagenemnd 
  • 30. juni frist for å behandle hurtigklager 
  • 31. august frist for å behandle ordinære klager