I slutten av august reiste alle skolen sine vg1-elevar på oppstartstur til Mjølfjell ungdomsherberge og Stordalen Fjellstove.
På turane budde dei på rom saman, gjekk turar i fjellet, koste seg med pannekaker og kakao, spelte brettspel og hadde det skikkeleg kjekt rundt bålet.
Til Mjølfjell tok klassane toget frå Bergen til Ørneberget stasjon og gjekk den korte vegen ned til herberget. Til Stordalen drog dei med buss, ein tur på to timar frå skolen inn i Matrefjella.
Målet med turane var å bli betre kjent, bygge venskap og ha det gøy saman.
No startar vi skoleåret med mange gode minner og nye relasjonar!









