Kva for skole er vi?
Nordahl Grieg vidaregåande skole ligg i Ytrebygda bydel i Bergen og vart ferdigstilt i august 2010 med kapasitet for 970 elevar og om lag 160 tilsette. Skolen vil skapa eit læringsmiljøsom fremjar kunnskap, kreativitet og innovasjon, arkitekturen støttar eit sosiokulturelt læringssyn. Skolen sin visjon, «Dristige hjerner i samspill», understrekar målet om å vera leiande innanfor bruken av digitale læringsverktøy.
Som ein ressursskole for elevar med nedsett høyrsle, tilbyr den tilrettelegging for elevar med nedsett høyrsel og ulike behov.
Kor ligg skolen?
Nordahl Grieg vgs. ligg i Rådal, Bergen sør og opna i 2010.
Skolen ligg sentralt til ved Lagunen, og næraste busstopp er "Rå skole".
Vi ligg tett ved E39 mellom Bergen og Os.
Besøksadresse: Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal
Postadresse: Postboks 13 Rådal, 5857 Bergen
Telefon: 55 98 56 00
Parkering med eiga bil
Parkeringsplassen er kun for dei tilsette på skolen.
Skolen har også HC-plassar.
Elevar har ikkje rett til å parkera på skulen sin parkeringsplass eller i områda rundt skulen.
Dersom reglane ikkje vert følgt, kan EuroPark gi bot.
