Hopp til hovedinnhold

Du får ein god blanding av tradisjonelle skolefag, omtalt som fellesfag, og programfag, som er fag som handlar om yrkesområda ein tilbyr innanfor helse og oppvekst. Det er lagt vekt på at både fellesfaga og programfaga skal vere yrkesretta og opplevast relevante i forhold til framtidig yrke slik at du som elev lærer best og mest mogeleg. Dette betyr tett samarbeid mellom faga og ei grunnleggande tverrfagleg forståing. Her kjem ein kort presentasjon av faga og retningane.

Programfaga 

Helsefremmande arbeid (kun vg1 og helsearbeidarfag)  

I dette faget lærer du om korleis ein skal jobbe for å fremme god folkehelse. Det handlar om samanhengen mellom livsstil og fysisk og psykisk helse. Meir konkret betyr det arbeid med førebygging, kosthold, fysisk aktivitet, å hindre smitte, korleis kroppen er bygd opp og fungerer og korleis kropp og psyke utviklar seg. Førstehjelp og ergonomi er også viktige område innan faget.    

Pedagogisk arbeid (kun på barne- og ungdomsarbeiderfag)  

Faget omhandlar korleis barn og unge lærer og utviklar seg, korleis du kan legge til rette for leik og aktivitet på ulike alderstrinn og funksjonsnivå og korleis alt dette kan gjerast for å fremme glede, sjølstende og mestring. Du lærer også korleis du kan fremme god helse og utvikle respekt og toleranse for andre.  

Kommunikasjon og samhandling  

I dette faget lærer du om korleis du skal møte menneske på ein god måte. Menneske er ulike. Vi har forskjellig språk og kulturell bakgrunn, har ulik religion og livssyn og har ulik alder, livssituasjon og funksjonsnivå. Alt dette krev kløkt og klokskap og omfattar at ein er bevisst på eigen veremåte i møte med ulike brukarar. Dette er heilt nødvendig for å kunne utføre ein god jobb med vekt på service, ansvar og brukarmedverknad innan helse- og oppvekstsektoren.  

Yrkesliv  

I dette faget lærer du om rammer, lover og reglar som er viktige i det å vere arbeidstakar og arbeidsgjevar. Det betyr innblikk i eigenarten til og krava innanfor ulike yrke, og du lærer om å vere i eit arbeidsliv som er prega av fleirkulturelt mangfold.  

Yrkesfagleg fordjuping  

I faget Yrkesfagleg fordjuping kan du prøve ut ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget inneber å vere utplassert i praksis i bedrift og er meint å kunne hjelpe deg i val av utdanningsløp. Vi samarbeider tett med arbeidsplassar i Bergen kommune og ei rad andre institusjonar. Eksempel på dette er i hovudsak barnehagar, barneskular, SFO, sjukeheimar, bufellesskap, dagsenter og heimebaserte tenester.  

Fellesfaga

I tillegg til programfaga vil du på dette utdanningsprogrammet ha fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, historie og kroppsøving. Dette betyr at på Helse- og oppvekstfag så treng du ikkje å ha framandspråk. Når det gjeld matematikkfaget, så heiter faget 1P, og er det enklaste mattefaget. Ein kan på det 3-årige løpet på HO alternativt også velje å heller ta eit av dei andre matematikk-nivåa.  

Gir generell studiekompetanse 

Som ein av få skuler i Vestland gir Nordahl Grieg videregående skole tilbod om Helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse over tre år. Du kan dermed kvalifisere deg til vidare studier ved høgskole eller universitet. Etter vg3 kan ein alternativt også velje å bli lærling og ta fagbrev før eventuell vidare utdanning, men dette ligg ikkje inn som ein rettigheit slik som på ordinært yrkesfagleg løp.  

Opplæringa har same fag og timetal som summen av eit ordinært toårig yrkesfagleg løp og vg3 påbygg. Fellesfag, programfag og utplassering i praksis vert fordelt gjennom alle tre åra slik at ein kan unngå eit teoritungt påbyggingsår på vg3. På vg1 skal alle elevane velje ein av retningane helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag slik at det på vg2 i programfaga blir ein klasse per retning med 15 elevar i kvar klasse. Fellesfaga har begge klassane saman i èin klasse.  

Tilbodet har eigen søkekode i vigo.no.  
   
Fordi Nordahl Grieg videregående skole er ein av få skolar med dette spesielle utdanningstilbodet, vil elevane som vel dette i utgangspunktet gå alle tre åra på Nordahl Grieg.  

Internasjonalt samarbeid  

Møte med andre språk og kulturar kan skape gjensidig forståing, redusere fordomar, utvikle kunnskap og få innsikt som er viktig i vår globaliserte verden. Derfor tilbyr vi utveksling også for elevar på denne studieretninga, slik som for elevar på ordinært yrkesfag. Dette er lagt til vg2 og vg3.
Landa vi i skoleåret 2022-23 har samarbeid med er Frankrike, Danmark og Kenya, men vi jobbar heile tida med å utvikle dette.

Velferdsteknologi  

På Nordahl Grieg har vi samarbeid med Høgskolen i Bergen og med Ålborg kommunar i Danmark der velferdsteknologi er eit viktig tema. Ein jobbar då med spørsmål, praksis og bevisstheit knytt til utvikling av verktøy som kan fremme livskvalitet og sjølvstende hos eldre og funksjonshemma i vårt samfunn.

Tverrfagleg eksamen

Eksamen for programfaga er organisert som ein tverrfagleg, praktisk eksamen. Du får dag 1 utdelt ei oppgåve som du skal forberede i samarbeid med ei mindre gruppe medelevarr i klassen. Veiledning frå faglærar vil skje dag 1. Dag 2 skal du og gruppa jobbe vidare med oppgåva. I denne prosessen får du veiledning frå faglærar. Dag 3 er eksamensdagen då du individuelt skal utføre den praktiske delen av eksamen med gruppa di som markørar. Vidare skal du gjennom ei individuell munnleg høyring for å knyte teori og fag til den praktiske oppgåva og få moglegheit til å utdjupe teoretisk fagstoff. Fa glærar er eksaminator og det er ekstern sensor tilstade som fastset karakteren din.Det vert lagt stor vekt på veilede eleven til få fram sin samla kompetanse i programfaga. Programfageksamen i dette løpet er på slutten av vg3.