Hopp til hovedinnhold

Ressursskole for elevar med nedsett høyrsle

Velkomen til NGV på teiknspråk

Ressursskolen gir tilbod om tilrettelagd opplæring for elevar med nedsett høyrsle med ulike behov. Elevane har plass ved eit av skulen sine studietilbod, eller på studietilbod ved ein skule vi samarbeider med i nærområdet. Opplæringa blir gitt i klassar med vanleg storleik eller i mindre grupper.

Som ressursskole kan vi gje tilbod om undervising som er spesielt godt tilrettelagd for elevar med nedsett høyrsle.

Ressursar

Vi har:

  • mikrofonanlegg med lydutjamning i mange klasserom
  • takmikrofonar i mange klasserom
  • teleslynge i auditorium og skoletorg
  • god akustikk og fysiske forhold i alle rom
  • teiknspråktolkar med høg kompetanse i tolking av fag på vidaregåande nivå
  • mange lærarar med erfaring frå undervising av elever med nedsett høyrsle
  • tilsette som kan kommunisere på teiknspråk
  • kursing av tilsette
  • mindre undervisningsgrupper i ein del fellesfag
  • audiopedagogisk kompetanse
  • tilbod om teiknspråk som framandspråk

Tilbodet vårt

Målet vårt er at alle i ressursskolen skal få tilrettelagd undervisinga slik at elevane ikkje sit att med ubrukte mogelegheiter. Nordahl Grieg vgs skal vere leiande på teknologisk, forskingsbasert og entreprenøriell læring og undervising. Vi trur denne satsinga kjem elevar med nedsett høyrsle til gode og kan gje dei eit forsprang i vidare studium eller arbeid.

Les meir om dei ulike studietilboda våre på skolen si hovudside.
I samarbeid med nærskolane SlåtthaugStend Sandsli  og Årstad videregående skolar, gir vi tilbod innan eit breitt spekter av programområde.

Kart knutepunktskolen.png

Bur du utanfor Bergen eller nærområda, og har teiknspråk som ditt førstespråk (jfr. §3.9 Opplæringslova) kan du søke om plass i butilbodet til ressursskolen.
Elevbustaden vert drifta av Signo Konow.