Sjukehusskulen gir opplæring til barn og unge i grunnskule eller vidaregåande skule som er pasientar og som har rett til opplæring og skuleplass (gjeld vidaregåande elevar).
Barn og unge som er innlagde på sjukehus i fem døgn eller meir har rett på opplæring ved Sykehusskolen. Dette gjeld alle som har skuleplass. I tillegg tilbyr vi skule for barn som pårørande, etter avtale med sjukehuspostane og dei aktuelle involverte. Ved gjentakande opphald på sjukehus, er det nok å kontakte Sykehusskolen og informere om at barnet/ungdommen er tilbake og klar for opplæring. Sykehusskolen er avhengig av at sjukehuset informerer oss om pasientar som har rett til skulegang.
Lærarane ved Sykehusskolen har høg kompetanse; fagleg, pedagogisk og relasjonelt. Ei undervisning prega av utforsking og samskaping kan stimulere samhandling, kommunikasjon og deltaking i det sosiale fellesskapet. Vi tilbyr ein høg grad av tilpassing i undervisningssituasjonen og lærarane tilpassar skuletilbodet til elevane sin dagsform og behandlingsplan. I dei tilfella elevane ikkje kan kome til skulen vil vi kunne tilby undervisning på sengeposten. Ved Sykehusskolen ønskjer vi å gi elevane våre ein variert skuledag og vi ønskjer å leggje dei gode meistringsopplevingane til grunn for undervisninga. Vi vektlegg fag som norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, men vi satsar også på praktisk-estetiske fag som kunst og handverk, mat og helse, musikk og kroppsøving.
Vestland fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbodet ved Sykehusskolen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg videregående skole.