Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Vi tilbyr
Arbeidslivstrening (HTA)
Kvardagslivstrening (HTH)
Grunnkompetanse Helse- og oppvekstfag
Bruk piltastene til å bla i bildene
Arbeidstrening og livsmeistring (HTA)
Vi er ei avdeling med fokus på praktisk opplæring. Avdelinga er organisert som ei vekstbedrift, der elevene får opplæring i ulike arbeidsområde som:
vaktmeistertenester
trykk og laminering
produksjon av varer for sal
reinhald
vaskeri
portrettfoto
kjøkken/matproduksjon
Vi samarbeider med ei rekkje vekstbedrifter og alle elevar får tilbod om arbeidsutprøving i bedrift, hovudsakleg i andre og tredje skuleår. Skolen finn praksisstad ut frå eleven sine evner, ynskjer, funksjonsnivå, skolen og praksisstaden sine vurderingar og om kva som eignar seg.
Vi legg vekt på at opplæringa skjer i ein realistisk arbeidssituasjon, og er bygd opp etter modell av vekstbedrifter. På dei ulike læringsarenaene utfører elevane arbeidsoppgåver som er i samsvar med dei krava som blir stilt i arbeidslivet.
Livsmeistring handlar om å meistre eigen kvardag og inneheld tema:
budsjett og personleg økonomi
fysisk, psykisk og sosial helse
kosthold og kjøkken
hygiene
besøk i bedrifter, kulturinstitusjonar og offentlege instansar
nettvett og digital kompetanse
Så langt det er mogleg går innlæringa i dei ulike tema føre seg i ein praktisk samanheng og på ulike læringsareal på skolen.
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Kvardagslivstrening (HTH)
Opplæringa ved kvardagsliv er tilrettelagt for elevar som har rett til omfattande individuell tilrettelagt opplæring og som treng eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.
Elevane er i lita gruppe der opplæringa er tilpassa kvar enkelt elev sine føresetnader.
Me held til i skulens 1 etasje og me har lyse og trivelege undervisningsrom med eige inngang.
Teamet rundt elevane består av erfarne spesialpedagogar, miljøarbeidarar, rådgjevar og avdelingsleiar.
Avdelinga startar opp ved skulestart i august 2026.