Hopp til hovedinnhold

Tidleg på hausten drar alle vg1-klassar på skolen på bli-kjent-tur saman, med overnatting. Dette er ein tur med fokus på det sosiale, der ein skal verte trygg på dei andre i klassa og skape trivsel og eit godt læringsmiljø.

stopp hat - kampanje -elevaktivitet.jpg

K-team

Som ein del av skulens satsing på det psykososiale miljøet i klassen, får alle vg1-klassar kvar haust ein heil dag med skulens K-team, som er samansett av skulens miljøteam Dristige Hjerter, helsesjukepleiar og skulepsykolog. Tema som blir tatt opp her er rus, mobbing, nettvett og klassemijø. 

Framandspråk 

På vg1 skal du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Det språket du vel på vg1 må du også ha på vg2. Du kan halde fram med tysk, spansk eller fransk dersom du hadde eit av desse språka på ungdomsskulen.  

Nordahl Grieg vgs er den einaste vidaregåande skulen i Vestland som gir tilbod om teiknspråk som framandspråk. Vi tilbyr teiknspråk 1 for elever som har hatt framandspråk på ungdomsskolen og vil gjøre omval. Elever som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen kan velje teiknspråk 1+2. 

TegnspråkØving.jpg

Med teiknspråk kan ein snakke gjennom glasveggar

Matematikk 

På vg1 skal du velje mellom matemtikfaga 1P (praktisk) og 1 T (teoretisk). Praktisk matematikk tek utgangspunkt i matematikken som er kjend frå ungdomskulen og er den lettaste vegen for deg som vil verte ferdig med matematikk med best mulig karakter, og ikkje treng matematikk etter vg2. Teoretisk matematikk gjev grunnlaget for å velje matematikk som programfag på vg2 og eventuelt vg3. Mange studier krev dette, og då bør en velja teoretisk matematikk.