Hopp til hovedinnhold

Elev-PC og MAC

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen datamaskin til skolestart.

Du skal bruke maskina i undervisninga og har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skolestart. 

Elevane kan bruke eiga maskin eller kjøpe subsidiert elev-PC frå Vestland fylkeskommune.
Les meir om elev-PC-ordninga og sjå moldellane for skoleåret 2026-27 her.

For dei fleste utdanningsprogramma er standardmodellen Dell Pro 14 tilstrekkeleg.

Medium og kommunikasjon
Er du ny elev på Medium og kommunikasjon (MK), er det viktig å tenkje på at du bør ha ei maskin med ein skjerm på om lag 15" og arbeidsminne på minimum 16 GB RAM. I programfaga på MK er det ein fordel med god skjermstorleik og høg yting. 

Du skal jobbe med videoredigering, fotoredigering og du skal jobbe med grafikk. Alt dette krev god skjerm og god maskinvare! Av dei tre modellane fylkeskommunen subsidierer, er Dell Pro Max 16 med 32 GB RAM og 16" skjerm derfor å tilrå.

Det er likevel opp til deg kva du ønskjer å prioritere.

Du står fritt til å bruke PC eller Mac, anten eiga maskin, ein maskin kjøpt i butikk eller det subsidierte tilbodet om elev-PC frå fylkeskommunen.

Undervisninga vår støttar bruk av programvare både på PC og Mac.
Lærarane våre handterer begge plattformene godt.

Som MK-elev får du Adobe Creative Cloud installert gratis ved skolestart.