Hopp til hovedinnhold

Lån og leige av skulelokale

Her får de informasjon om vilkåra for å låne/leige skulelokale. De finn også lenke til bestillingsportalen.

Vestland fylkeskommune tilbyr utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule. Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet blir prioritert, og kan få gratis utlån innan fastsette rammer. 

Ved bestilling pliktar leigetakar å setje seg inn i gjeldande vilkår og lokal informasjon for skulen. 

Langsiktige avtalar (over 12 månader) skal inngåast av eigedomsavdelinga. Typisk der fylkeskommunen har lengre avtalar med vertskommunar eller idrettslag . Kontakt eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune 

Utleigelokale på skulen:

Lenkje til skulens BookUp Side. Søk opp skulen book lokale: https://www.bookup.no/ for korrekt lenkje til alle utleigeobjekt for skulen

Ansvar ved bruk av lokale

Det skal vere ein vaksen person minst 18 år til stades som har ansvar for lokala i perioden leigetakar nyttar dei. Det må avklarast for kvar utleige om ekstern eller skulens tilsynsvakt skal nyttast.
Leigetakar er ansvarleg for tryggleiken i leigeperioden for at ordensreglar og husreglar blir følgde, og for eventuelle skadar som oppstår i leigetida. Leigetakar er erstatningsansvarleg for skadar på bygg og inventar. Vestland fylkeskommune har ikkje forsikring som dekkjer leigetakar sitt medbrakte utstyr. Leigeavtalen og ansvaret blir stadfesta av leigetakar i bookUp.  

Om skulen stiller med eigen tilsynsvakt:
Ved interne utlån er det eit krav om at ein tilsett skal vere til stades/tilsynsvakt.

Om leigetakar siller med eigen tilsynsvakt:
Ved bruk av ekstern tilsynsvakt må nødvendig opplæring gis, og overlevering av kort og nøklar uavklarast i god tid på førehand. Dette må skje i ordinær arbeidstid. 
Ved behov for support/utrykning frå tilsette/driftsleiar, vert leigetakar belasta for kostnaden.

Tilsynsvakt – rolle og oppgåver 

Ein tilsynsvakt er ein vaksen person som har ansvar for tilsyn med lokala medan dei er i bruk ved utlån eller utleige. Tilsynsvakta skal bidra til trygg bruk av bygget og sørgje for at gjeldande reglar blir følgde. 

Tilsynsvakta har mellom anna ansvar for: 

  • vere til stades under heile leigetida 
  • sjå til at ordensreglar og husreglar blir følgde 
  • bidra til at brannvern- og tryggleiksrutinar blir overhaldne 
  • handtere mindre avvik eller uønskte situasjonar 
  • sjå til at lokala blir forlatne i ryddig og forsvarleg stand 
  • klargjere lokala på førehand. Skulen har ikkje ansvar for det.

Ordensreglar  

  • Lokala skal ryddast og forlatast i same stand som ved overtaking. 
  • Søl med vatn, mat eller drikke skal straks tørkast opp. 
  • Fast inventar skal ikkje flyttast eller endrast. 
  • Avfall skal sorterast, og kastast i bossrom.
  • Skade på hus, inventar, utstyr eller personar skal snarast meldast til utleigar. 
  • Berre deltakarar i arrangementet skal ha tilgang til lokala. 
  • Røyking, alkohol og andre rusmiddel er forbode. 
  • Handtering av farleg materiale er ikkje tillate. 
  • Ansvarleg leigetakar eller tilsynsvakt kan vise bort personar som ikkje følgjer reglane.  
  • Lyd og støy skal haldast på eit nivå som ikkje er til sjenanse for naboar. 
  • Parkering skal berre skje på tilviste plassar. 
  • Nøklar eller adgangskort skal aldri lånast bort til andre 


Husreglar som gjeld særskilt for denne skulen:

  • Personalkantine med kaffeautomat kan ikkje nyttast.
  • Kantinekjøkken kan ikkje nyttast.
  • IKT-utstyr i fellesarealer kan ikkje nyttast.

Brannvern og beredskap 

Leigetakar pliktar å setje seg inn i brannvernrutinar og beredskapsplanar som gjeld for lokala. Maksimalt personantal for kvart lokale skal overhaldast strengt i samsvar med brannforskriftene. 

Leigetakarar som nyttar lokale utan tilsynsvakt frå skulen, skal få brannvernopplæring av skulen sitt personale før bruk. Opplæring må skje i ordinær arbeidstid. Dersom opplæring ikkje er gjennomført, pliktar leigetakar sjølv å gjere seg kjend med rømmingsvegar, kontrollere at dei er frie, vite kor sløkkeutstyr og manuelle meldarar er plassert, og vurdere om deltakarar må informerast om rømming.  

Viktige telefonnummer:
110 – Brannvesen
112 – Politi
113 – Ambulanse
116 117 – Legevakt  

Lenkje til lokal branninstruks ved utleige.

Rutinar for lån og leige 

Overlevering og retur av nøklar og adgangskort, må skje i ordinær arbeidstid kl. 08:00 og 15:00. For adgang til bygg nyttast kort med kode.

Bruk av utstyr 

Leigetakar kan berre bruke utstyr som er avtalt på førehand, og pliktar å følgje rettleiing frå skulen. Leigetakar kan nytte gjestenettet (VLFK-Gjest) der dette er tilgjengeleg. Bruken skal skje i samsvar med fylkeskommunale retningslinjer, og opplæring må gis i ordinær arbeidstid.Brukarrettleiing for gjestenett.

Brot på vilkåra 

Ved manglande rydding, skade eller brot på reglane, kan leigetakar bli fakturert for ekstrautgifter. Gjentakande brot kan føre til utestenging. 

Avbestilling 

Skulen har 3 dagars avbestillingsfrist.
Ved for sein eller manglande avbestilling, må kostad for dette påbereknast.