Nysgjerrig på utveksling på vg2 og kva for moglegheiter det kan gi? Møt Andrine frå Lindås som var på utveksling til Wales skoleåret 2017-2018. Ho valde vertsfamilie og budde hos ein familie i Barry rett utanfor Cardiff.

Eg kjem frå Lindås, som er ein liten plass utanfor Bergen, og gjekk på Knarvik vidaregåande skole. Overgangen til britisk skolesystem, kultur og byliv var derfor ganske stor. Cardiff er ein by med mykje liv og kultur og det er alltid noko å gjere der. Likevel er det ein veldig trygg plass å bu. Det er ein plass med mange forskjellige nasjonalitetar og kulturar, men likevel opplever ein den walisiske kulturen på sitt beste. Det walisiske folket er imøtekommande, gjestfritt og har alltid lyst til å vise fram kulturen og landet sitt. Skolesystemet i Wales er litt annleis enn i Noreg då det er lagt opp til mykje eige arbeid, og karakteren kviler på eksamen på slutten. Eg føler at gjennom dette har eg blitt mykje meir sjølvstendig, og det tvinger deg til å lære mykje om korleis du studerer best.
Det viktigaste eg tar med meg frå utvekslingsåret mitt er uendeleg mange gode minner, og eg trur at det har vore ein stor del av å forme meg og framtida mi. Eg tar med meg mange gode vennskap, godt engelsk språk og sjølvstende.
Eg møtte kjærasten min på dette året. Han er engelsk, men oppvaksen i Barry. Etter fullført vidaregåande studerte vi begge ein bachelor i Human Biology and Health i Aberystwyth, kor eg blei buande for å ta ein Master of Philosophy.Sidan vart det ein PhD som fokuserte på å setje tidleg diagnose på lungesjukdommar som kols, lungekreft og lungefibrose i tillegg til å betre diagnose for tuberkulose i land med underutvikla helsetilbod. Gjennom tida mi i Aberystwyth fekk eg moglegheit til å dra til Stellenbouch i Sør-Afrika og samarbeide med dei.
Eg bor no i Swansea og studerer medisin, stortrivst her og skal gjennom studiet til Mauritius for å være med på sjukehuset der. Det er rart å tenke på at utan utvekslingsåret mitt i Wales hadde eg aldri turt å ta mange av desse moglegheitene og livet mitt hadde nok vært ein heil anna plass enn no.
Eg vil sterkt anbefale alle å dra på utveksling og få denne erfaringa, og det er ingen betre plass å gjere det enn i Cardiff. Dette året lærte meg å ta sjansar som har gjort at eg har fått reise til andre sida av jorda, studert og møtt mange fantastiske menneske.
