Klar for skulestart? Les det du treng å vite her!
Her får du all viktig informasjon som gjer skulestarten trygg og god. Ta deg tid til å bli kjend med det før du startar – vi gler oss til å sjå deg!
Under finn du praktisk og nyttig informasjon om skulestart ved Nordahl Grieg vgs. (NGV). Nokre tips og opplysningar det er lurt å ha oversikt over før første skuledag – litt førebuing gjer skulestarten både enklare og tryggare.
Første skuledag ved NGV er måndag 17. august 2026.
Oppmøtetidspunkt kjem!
Oppstartsturar
Alle vg1-elevar og vg2-MK dreg på oppstartstur (med overnatting) til fjells i starten av skuleåret.
Informasjon med detaljar kjem!
Møte for føresette til VG1-elevar
Dato er ikkje fastsett enno, men vi kjem tilbake så snart det er klart!
Elev-pc
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
Les meir om ordninga her: Elev-PC
Merk at tilbodet må nyttast innan 31. desember 2026.
Skuleskyss
Bur du utanfor ungdomsbillettområdet og har meir enn 6 kilometer til skulen, kan du kan ha rett på gratis skuleskyss. Du finner meir informasjon og søknad, her: Skuleskyss
Har du dokumentert funksjonsnedsetjing eller sjukdom, eller treng båttransport for å kome deg til skulen, kan du også ha rett til skuleskyss.
Utstyrsstipend
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend.
Du kan søke om stipend når du har fått vite kva utdanningsprogram du har kome inn på.
Les meir og søk på lanekassen.no når du har fått skuleplass.
Skulerute
Info om skuleruta finn du her.
Digital lånekontrakt
Alle VG1-elevar må signere ein digital lånekontrakt for å låne fysiske bøker og anna materiell.
Lenkje til digital lånekontrakt for signering
Samtykkefråsegn angåande fotografering
Gjennom året tar vi bilete av aktivitetane til elevane på skulen. For at vi skal kunne publisera desse i kanalane til skulen, må eleven ha gitt samtykket sitt. Skjemaet blir lagra i skulen sitt digitale arkiv. Vi ber om at du signerer samtykkeskjema før første skuledag her.
Kantine
NGV si store og fine kantine er bemanna alle skuledagar mellom klokka 07.00 og 14.30. Her kan du kjøpe sunn og god mat. Kantina er ope frå kl. 07.00-14.30.
Det er tilbod om gratis skulefrukost kvar dag frå 07:00 til 08:15, med unntak av måndagar då den vert servert frå klokka 08:00 til 10:00.
Gjer deg kjend med heimesida og skulen:
Heimesida vår er fylt med masse viktig informasjon.
Både elevar og føresette bør gjere seg kjende med innhaldet på heimesida vår.
Facebook og Instagram
Har du nokre spørsmål; send oss ei melding så svarar vi!
Vi gler oss til eit nytt og lærerikt skuleår i lag!
