Hopp til hovedinnhold

Oppstartsturar hausten 2026

For å skape eit godt og trygt klassemiljø arrangerer vi oppstartsturar for alle dei nye Vg1-klassane våre

Tid og stad for turane:

  • Veke 36 (31. august – 2. september): Stordalen for Vg1 HO og HOST.

  • Veke 38 (14. – 18. september): Mjølfjell for Vg1 STUSP og MK.

Turane har lang tradisjon her på Nordahl Grieg, og føremålet er å styrke fellesskapet i klassen ved gjere noko kjekt saman utanfor klasserommet. 

Praktisk informasjon:
- Sjølve turen er heilt gratis, men vi rår alle til å skaffe seg ungdomsbillett (Skyss) før reisa.

- Kontaktlæraren dykkar vil ta opp dette i klassen og gi dykk eit meir detaljert program og all praktisk informasjon de treng når det nærmar seg avreise.

Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på desse turane frå tidlegare årskull, og vi gler oss til fine dagar saman på tur!