OPEN DAG for elevar i 10.klasse og OPEN KVELD (for føresette) blir i år på same dato: Onsdag 28. januar. Plakat her
Elevar må melde seg på til Open dag. Meld deg på HER.
Møte for vg1-føresette torsdag 22.januar
- Helse og oppvekst - studieførebuande
- Helse- og oppvekstfag
- Medium og kommunikasjon
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Ressursskole for elevar med nedsett høyrsle
- Sjukehusskulen
- Studiespesialisering
- Tilrettelagt opplæring


Aktive elevar
Nye elever drar kvart år på oppstartstur til Mjølfjell. Turane er viktige tiltak for det sosiale miljøet i klassane. På skolen får elevane tilbod om skolefrukost kvar morgon før undervisninga startar. Trivselskapande akivitetar som skolerevy, open skole, gaminggruppe og musikk er og populært.
Læringsmiljøet vårt
Skolen har denne målsettinga: Nordahl Grieg vgs skal vere ein innovativ og utforskande skole som er leiande på berekraftig utdanning og bruk av teknologi. Som elev vil du oppleve varierte og kreative undervisningsformer, samarbeid på tvers av fag og klassar - og aktiv bruk av sosiale medier.Aktuelle saker
Nordahl Grieg vgs er STEM-skolepartnar og satsar på realfag!
Nordahl Grieg vidaregåande skole samarbeider med Nasjonalt senter for realfagsrekruttering for å styrkje valkompetansen, motivasjonen og interessa til elevane for realfag. Gjennom rollemodellbesøk, samarbeid med bedrifter og andre aktivitetar skaper ...

Eit skoleår i utlandet
Har du lyst på eit annleis skuleår, som vil gje deg verdifull erfaring og mange spennande opplevingar? Alle elevar på vg1 studiespesialisering i Vestland fylke kan søke om utveksling på vg2. For skoleåret 26/27 blir kostandene for de som velger å b...

Vg1-klassane på oppstartsturar
I slutten av august reiste alle skolen sine vg1-elevar på oppstartstur til Mjølfjell ungdomsherberge og Stordalen Fjellstove.
